(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - fornybar energi

Opprett ny søknad på støtteordning

Skaparkraft – Fornybar energi

Formål: Kva samfunnsutfordring skal ordninga bidra til å løyse? Kva mål i fylkesplanen skal ordninga bidra til å nå?

Det er underskot på elektrisk kraft i Møre og Romsdal. Ordninga har som formål å stimulere til auka produksjon av fornybar energi, og bruk av fornybare energiberarar.

Målgruppe: Kven kan søkje?

Bedriftskonsortium, næringsklynger, bedriftsnettverk, innovasjonsselskap, næringspolitiske foreiningar, forskingsmiljø, UoH-sektoren, kommunar

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

·        Utviklingsprosjekt for produksjon av fornybar energi og bruk av fornybare energiberarar

·        Gjennomføring av energiproduksjonsanalysar

 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

Prosjekt i regi av enkeltbedrifter

 

Evalueringskriteria: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden?

·        Relevans i høve til måla for Skaparkraft

·        Gjennomføringsevne

·        Grad av nyskaping

·        Samarbeid

Nytteverdi for andre aktørar

 

 Generelle vilkår
  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. 
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan prisast til maksimalt 1 100 kroner per time.
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei  siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statstøtteregelverket i tråd med  gruppeunntaksfordningen (GBER)  artikkel 49. 
  • Søknad og saksbehandling er offentleg
  • Ved prosjektets avslutning skal det leverast prosjektregnskap og ein kort rapport som viser oppnådde resultat

Økonomisk ramme sett av til ordninga i 2023

Blir vedtatt i styringsgruppa for Skaparkraft

Finansieringskjelde

Ramme 60, Skaparkraft


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen