(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket 2024

Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket 2024 
Søk støtte til rekrutterings og kompetansehevingstiltak som bidreg til å auke verdiskapinga i landbruket, basert på bruk av berekraftige ressursar. 

Kva kan du søke støtte til
Tiltak som bidreg til rekruttering til landbruksnæringa eller kompetanseheving hos næringsutøvarar innanfor landbruket  

Kven kan søke
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret 

Formål med ordninga 
Tilskotsordninga skal legge til rette for rekruttering og kompetanseheving i landbruket med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket, og ordninga skal bidra til å nå målet i fylkesstrategi landbruk for Møre og Romsdal: «Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar».  

Prioriterte tema for tildeling  
Det regionale partnarskapet for landbruk prioriterer følgjande tema for tildeling av støtte til rekruttering og kompetansehevingstiltak i landbruket for 2024: 
- Rekruttering 
- Bondehelse og dyrevelferd 
- Bedriftsleiing og økonomistyring 
- Korn, frukt, bær og grønt 
- Skogskjøtsel 
- Grovfôrproduksjon 

Vurderingskriterium 
Søknadane vert vurdert etter relevans i forhold til Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal, gjennomføringsevne og metodikk 
- Tiltak gjennomført i samarbeid mellom to eller fleire organisasjonar vert prioritert. 
- Tiltak med regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling blir prioritert 

 
Søknadsfrist: 15. oktober 2024 

Vilkår for ordninga 
- Ordninga vert forvalta etter Forskrift om regionale tilskudd til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket 

- Søknaden skal skildre alle rekrutterings- eller kompetansehevingsaktivitet som organisasjonen søkjer om tilskot til å gjennomføre i 2024. 

Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 

- Tilskotet skal ha utløysande effekt, det vil seie bidra til å realisere aktivitet som elles ikkje ville blitt gjennomført. Det inneber at ein ikkje søke om tilskot til ordinær drift eller til aktivitetar som alt er starta eller gjennomført. 

- Prosjekt kan få inntil 50 prosent støtte av godkjent kostnadsoverslag, i særlege tilfelle kan vi gi inntil 75 prosent støtte av godkjent kostnadsoverslag. Godkjend timesats er inntil 1,2 promille av årsløn, men maks. 1100 kroner per time.  

- Kompetansehevande tiltak skal vere opne for alle på same vilkår. Deltaking eller pris skal ikkje vere avhengig av medlemskap i organisasjonen som mottar tilskot.  

- Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statstøtteregelverket. 

- Søknad skal leverast på www.regionalforvaltning.no. Søknad og saksbehandling er offentleg og blir arkivert. 

 

 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen