(Du er ikke pålogget) 
 

Ålesund kommune - Kommunal kompensasjonsordning

Kommunal kompensjonsordning til lokale verksemder

Kompensasjonsordning for bedrifter som er ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak

Ålesund kommune har fått tildelt midlar som skal sette kommunen bedre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Midlane tildelast med henvisning til KMD prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien.

 

Mål for tilskotet og krav til bruk av tilskotet
Målet med tilskotet er å sette kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

 

Tildelingskriterier

  • Lokale verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
  • Lokale verksemder som har hatt kostnadar eller tap som følgje av smittevernstiltak og nedstenging.
  • Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiseliv som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt.
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund og ha adresse i Ålesund kommune

 

Kommunen har betydeleg fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. 

 

Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no

Utvida søknadsfrist 30. april 2021 

 

For spørsmål ta kontakt med:

Næringssjef, Inger Synnøve Remme

Mob.: 994 24 139

E-post: inger.synnove.remme@alesund.kommune.no

 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen