(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning runde 4

Aurland kommune har motteke kr. 4. 072.000,- i kommunale kompensasjonsmidlar som ein no lyser ut med søknadsfrist 18. 11.2021. Denne tildelinga frå staten er retta mot kommunar som har reiseliv retta mot turistar utanfor EØS-området og mot kommunar med mest flytrafikk mot utlandet. Fordelinga av midlane har lagt vekt på næringar som framleis vil kunne oppleve avgrensingar etter overgang til fase 1 «Ein normal kvardag med økt beredskap». Dette gjeld blant anna næringar i reiselivet som er særleg avhengig av turistar utføre Europa.

Føremålet med ordninga, og tilskotet, er å sette kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder i næringane, gjennom tildeling av kompensasjonstilskot. 

Desse kan søkje om midlar til kompensasjon: 

  • Verksemder som har adresse i Aurland kommune, og aktivitet lagt til kommunen.
  • Verksemder som er avhengig av turisme frå land utføre EØS-området, og er difor framleis råka av pandemien.
  • Verksemder som kan dokumentera tap av omsetjing/inntekt som fylgje av Covid-19, smitteverntiltak og den påfølgande økonomiske nedgangen.
  • Tilskot skal bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengige av turisme frå land utføre EØS-området. I søknaden må ein leggja fram korleis midlane vil bidra til å oppretthalde dette.
  • Då dette er midlar som skal gå til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse så vil verksemder med tilsette som er råka av denne situasjonen verte prioritert.
  • Om verksemda har fått stønad ved tidlegare utdeling av kommunale kompensasjonsmidal så må søknaden gjelde nye kostnader som ein ikkje har fått stønad før tidlegare.
  • Andre verksemder som framleis er råka av restriksjonar og pandemien kan søkje, men ein vil prioritere verksemder i hovudmålgruppa for utlysinga -verksemder som avhengig av turisme utanfor EØS, for å oppretthalde arbeidsplassar og kompetanse.

Verksemder som var i vanskar per 31.desember 2019, ref gruppeunntaksforordningens artikkel 2, paragraf 18 kan ikkje få tildelt stønad.

Støtteform

Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn frå ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regelverk og retningsliner for bruk av statsmidlar.
Tildelinga vert basert på søknad med dokumentasjon.

Krav til dokumentasjon:

Fullstendig søknad med dokumentasjon må vera levert inn via søknadsskjema innan fristen for at søknaden skal verta handsamast.

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følgje av smitteverntiltak og stenging, som:

  • Tapte inntekter knytt til nedstenging i høve offentlege smittevernkrav
  • Andre kostnader som fylgje av nedstenginga
  • Dokumentasjon på at verksemda er avhengig av turisme utføre EØS-området.
  • Dokumentasjon på korleis ein skal bidra med å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemdene.
  • Om ein søkjer om midlar til tiltak må ein leggje ved ein plan for korleis midlane skal nyttast.
  • Om verksemda er ein del av eit større konsern så må dette dokumenterast, og verksemda må informera om anna kompensasjonsstønad konsernet og verksemda har motteke, statleg eller kommunal.

Dokumentert tap må inkludera erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor). Ein må leggje ved  ei oversikt eller eit rekneskap som syner tap av inntekt eller auka kostnader som fylgje av korona.  

 

Det vil ikkje bli kravd skatteattest.

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i (stønad frå kommune, stat, fylkeskommune, Innovasjon Norge).

Søkjar må syte for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk (bagatellmessig støtte: 200 000 EURO).

Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Rettningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar.

Søknad

Bedrifter kan søkje på ordninga via portalen www.regionalforvaltning.no . Aurland kommune set krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring. Søknader som kjem etter fristen vert ikkje handsama.

Søknadsfrist:

Fristen for å søkje er sett til 18. november  

Midlane i denne runden må vere gjeve tilsagn på seinast 31.12.2021.

NB!

I samband med utdeling av midlar så vil ein vurdere utdeling basert på kva tap verksemda har, og kva andre kompensasjonsmidlar ein har motteke.

Verksemder som kan dokumentere tap, og som ikkje har motteke anna støtte vil få tildelt ein lik prosentdel i kompensasjon.

Meir informasjon

  • Statsbudsjettet 2021 – Tilskottsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder
  • Anna informasjon: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege, med mindre det er heimel for å unnta etter Offentleglova.
  • Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Næringsrådgjevar i Aurland kommune., Linn-Janette Underdal Skarsbø 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen