(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond covid-19 Ål kommune, restmidlar

Ekstraordinær næringstønad, restmidlar

Som del av krisepakke 3 har Viken fylkeskommune tildelt Ål kommune kr. 800.000.- i nytt næringsfond. Tilskotet skal sette kommunen i stand til å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Næringsstyret på Ål har gjort en tildeling av størsteparten av fondet. Det åpnes nå for å søkje restmidlane.

Målgruppa for ordninga er verksemder og næringsaktørar. Ved tildeling av midlane blir bransjar som er hardast ramma av koronakrisa prioritert. Det vert oppfordra til lokale og regionale samarbeidsprosjekt, i den grad det kan oppnåast bransjespesifikke synergieffektar.

Kven og kva det kan gjevast tilskot til
Det kan gjevast tilskot til bedrifter, gründerar og andre næringsaktørar. I vurdering av søknadene om tilskot vert det lagt særs vekt på:
a. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensiale
b. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerere/ gründer eller andre næringsretta tiltak motverke negative verknadar av covid-19 utbrotet
c. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

I tillegg vil Strategisk næringsplan 2017-2020 for Ål kommune ligges til grunn.

Tilskotet si storleik
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovedregel ikkje overstige 50% av prosjektet sitt samla kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75%.

Utbetaling av tilskot

Tilskot betalast ut etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utetalast etter kvart som tilskotsmottakar dokumenterer framdrift i tiltaket. Er det nødvendig for at prosjektet skal komme i gang kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppatart av tiltaket.

Korleis søkje

Send inn søknad via www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med næringsutviklaran på telefon 4835 4893 eller e-post staffan@aal.kommune.no om du har spørsmål knytt til tilskotsordninga.

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen