(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Covid-19 - Hemsedal kommune

Ekstraordinær næringstønad

Som ein del av krisepakke 3 har Viken fylkeskommune tildelt Hemsedal kommune kr. 2.800.000.- i nytt næringsfond. Tilskotet skal setje kommunen i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Målgruppa for ordninga er verksemder og næringsaktørar. Ved tildeling av midlane blir bransjar som er hardast råka av koronakrisa prioritert. Det vert oppfordra til lokale og regionale samarbeidsprosjekt, i den grad det kan oppnåast bransjespesifikke synergieffektar.

Kven og kva det kan gjevast tilskot til
Det kan gjevast tilskot til bedrifter, gründerar og andre næringsaktørar. I vurdering av søknadene om tilskot vert det lagt særs vekt på:
a. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensiale
b. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerar/gründer eller andre næringsretta tiltak motverke negative verknadar av covid-19 utbrotet
c. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

Tilskotet si storleik
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovedregel ikkje overstige 50% av prosjektet sitt samla kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75%.

Utbetaling av tilskot

Tilskot betalast ut etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etter kvart som tilskotsmottakar dokumenterer framdrift i tiltaket. Er det nødvendig for at prosjektet skal kome i gang, kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppatart av tiltaket.

Korleis søkje

Send inn søknad via www.regionalforvaltning.no.

Ta gjerne kontakt med Hemsedal kommunen ved leder teknisk etat Ola Frogner på telefon 31 40 88 09, om du har spørsmål knytt til tilskotsordninga.

Søknadsfrist: Løpande behandling. Me oppmodar til å søkje så snart som råd.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen