(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 2024

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket 

Søk støtte til tiltak som bidrar til å auke verdiskapinga i landbruket, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar.

Kven kan søke
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret 

Kva kan du søke støtte til

Utviklingsprosjekt som bidrar til å realisere måla i Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal 2023-2026:
- auke verdiskapinga frå landbruket i Møre og Romsdal 
- behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning
- auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdal
- auke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltning
- redusere landbruket sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonn
- utvikle fleire og betre forretningsidear med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål 


Kva kan du ikkje søke støtte til

Investeringar i bygningar og teknisk utstyr, bedriftsstøtte 

Formål
Ordninga skal legge til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket, og skal bidra til å nå målet i fylkesstrategi for landbruk: Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar. 

Søknadsfrist: Vi tek imot søknader fortløpande

Vilkår for ordninga

- Ordninga vert forvalta etter Forskrift om regionale tilskudd til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket  

- Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 

- Tilskotet skal ha utløysande effekt, det vil seie bidra til å realisere aktivitet som elles ikkje ville blitt gjennomført. Det inneber at ein ikkje søke om tilskot til ordinær drift eller til aktivitetar som alt er starta eller gjennomført. 

- Prosjekt kan få inntil 50 prosent støtte av godkjent kostnadsoverslag, i særlege tilfelle kan vi gi inntil 75 prosent støtte av godkjent kostnadsoverslag. Godkjend timesats er inntil 1,2 promille av årsløn, men maks 1100 kroner per time.  

-Kompetansehevande tiltak skal vere opne for alle på same vilkår. Deltaking eller pris skal ikkje vere avhengig av medlemskap i organisasjonen som mottar tilskot.  

-Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei siste tre åra. Søknaden vert vurdert etter statstøtteregelverket. 

-Søknad skal leverast på www.regionalforvaltning.no. Søknad og saksbehandling er offentleg. 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen