R E T N I N G S L I N E R
NÆRINGSRETTA MIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING,
KOMPENSASJON FOR AUKA ARBEIDSGJEVARAVGIFT
Statsbudsjettet kap. 551, post 61.
Vedtekne i Nærings- og miljøutvalet 03.06.08, og i Fylkesutvalet 30.06.08.
Tillegg i V Forvaltning, punkt 5, blei vedteke i Fylkesutvalet 27.03.09
Administrativt endra 04.02.10, som følgje av vedtak om endra forvalting, NM 01.09.09 og Fylkesutvalet 28.09.09
I GRUNNLAG FOR MIDLANE
Næringsretta midlar til regional utvikling, kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift, skal gå til
område som ikkje har fått gjeninnført differensiert arbeidsgjevaravgift (DA). Berekninga av DA
vart frå 2007 berekna ut frå kvar verksemda er lokalisert, og ikkje arbeidstakar si adresse som
tidlegare. Kommunar som ikkje har fått gjeninnført DA frå 2007 og som kan ha rett på
kompensasjonsmidlar er Vanylven, Sande, Herøy, Haram, Stordal, Midsund, Aukra, Eide,
Gjemnes og Nesset. Kompensasjonen tilsvarar auken i arbeidsgjevaravgift utover bagatellregelen.
II FORDELING AV MIDLANE
1. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) løyver midlane til dei aktuelle
fylkeskommunane som folkevalde organ. Fylkesvis fordeling skjer med utgangspunkt i
avgiftsauken for privat sektor i det enkelte området. Den vidare fordelinga til
kommunenivå skal vere basert på grunnlagstala frå KRD sine utrekningar for den
fylkesvise fordelinga. Nærings- og miljøutvalet vedtek fordeling av
kompensasjonsmidlane.
2. Møre og Romsdal fylkeskommune kan halde tilbake midlar eller endre forvaltinga av
midlane dersom:
a) Handlingsplan for midlane ikkje er tilstrekkeleg forankra i det lokale næringslivet.
b) Midlar ikkje er nytta i samsvar med retningsliner og lokal handlingsplan
c) Rapporteringskrav ikkje er innfridd, t.d. når rapporteringa er ufullstendig eller
manglar.
d) Midlar er akkumulert utan at det er gjort særskilt avtale om dette med Møre og
Romsdal fylkeskommune (sjå punkt VIII FOND)
III MÅL FOR MIDLANE
1. Midlane skal gå til tiltak som gir varige positive effektar for regionane og næringslivet, og
ta utgangspunkt i dei langsiktige utfordringane i dei aktuelle områda.
2. Tiltaka skal i størst mogleg grad vere i samsvar med lokale planverk for nærings- og
samfunnsutvikling, Fylkesplan, Handlingsprogram for verdiskaping og KRD sine sentrale
mål for midlane.
3. Samarbeid på tvers av regionar og kommunar er ønskjeleg.
IV ORGANISERING
1. Fylkesutvalet er øvste organ for midlane i Møre og Romsdal fylkeskommune, og skal
godkjenne lokale handlingsplanar.
2. Nærings- og miljøutvalet er styringsgruppe, og fordeler midlane til kommunane.
3. Møre og Romsdal fylkeskommune, ved Regional- og næringsavdelinga skal vere
koordinator for ordninga og legge til rette for erfaringsoverføring og kunnskapsutvikling.
Eit arbeidsutval, med 3 representantar frå lokale plangrupper, skal fungere som
tillitsvalde, og bistå i dette arbeidet
4. Lokal plangruppe skal utarbeide årlege handlingsplanar for bruken av midlane i den
enkelte kommune. Kommunar kan samarbeide om regional plangruppe og felles
handlingsplan.
5. Kommunen er ansvarleg for å forvalte midlane i samsvar med regelverk og lokale
handlingsplanar.
6. Innovasjon Norge handsamar alle bedriftsretta prosjektsøknadar med kostnadsramme
over 150.000 kr. Enkeltsaker under 150.000 kr i kostnadsramme skal behandlast av
kommunen i samsvar med lokale avgjerdsprosedyrar for tildeling av bagatellmessig støtte.
V FORVALTING
1. For å sikre engasjement og medverknad frå næringslivet i kommunane som er omfatta av
ordninga, skal representantar frå næringslivet ha ein sentral plass i utarbeidinga av planar
og prioriteringar for midlane. Andre viktige samfunnsaktørar, som til dømes kommunane,
FoU og høgskulemiljø, skal også sikrast brukarmedverknad gjennom deltaking i
planprosessarbeidet. Desse utgjer lokal plangruppe.
2. Det skal i handlingsplanane gjerast greie for organisering og planprosess.
3. Handlingsplanane skal fremmast for godkjenning i Fylkesutvalet etter at dei har vore
handsama i Nærings- og miljøutvalet. Planar som held seg innafor det sentrale regelverket
skal ikkje overprøvast av Fylkesutvalet.
4. Mynde til å vedta løyvingar er lagt til kommunen. Vedtak skal vere i samsvar med
satsingsområde i lokal handlingsplan. Løyving til tiltak utanfor satsingsområde må
godkjennast av Møre og Romsdal fylkeskommune, ved Regional- og næringsavdelinga.
5. Dei lokale plangruppene har mynde til å foreta omdisponeringar innan dei vedtekne
satsingsområda i handlingsplanen. Om plangruppene ønskjer å nytte eventuelle restmidlar
til nye satsingsområde/tiltak, skal dette leggjast fram ved den årlege handsaminga av
handlingsplanane i Fylkesutvalet.
6. Kommunen kan ikkje gje tilsegner ut over løyvd beløp frå fylkeskommunen og eventuelle
overførte rammer frå tidlegare år.
7. Prosjekt med søknadsbeløp som utgjer over halvparten av siste års tildeling skal drøftast
med Møre og Romsdal fylkeskommune, ved Regional- og næringsavdelinga.
VI RETNINGSLINER FOR BRUK
I tråd med St.meld. nr. 21 (2005-2006) er det utarbeida nye og i hovudsak felles
retningslinjer for kap 551, post 60 ”Tilskudd til fylkeskommuner for regional utvikling”, og kap 551, post 61
”Næringsretta midler til regional utvikling”. Retningslinjene er endra for å gje fylkeskommunane
ei viktigare rolle når det gjeld forvaltninga av midlane over kap 551, post 61, og for å
harmonisere kva for tiltak midlane frå dei to budsjettpostane kan støtte.
1. Retningslinjene byggjer i hovudsak på prinsippet om negativ avgrensing. Det vil seie at
det som ikkje er spesifisert som forbode, er tillate så lenge det ligg innan dei ønskja måla
for midlane.
2. Midlane kan nyttast både til bedriftsretta tiltak og til generelle tilretteleggjande tiltak.
3. Midlane kan brukast til ei rekke tiltak innan ulike sektorar for å gjere næringslivet meir
konkurransedyktig og lønsamt, til dømes innan FoU og nyskaping, kompetanseheving,
samarbeid mellom skule og næringsliv, næringsretta program i regi av
verkemiddelapparatet og digital infrastruktur.
4. Midlane kan brukast på samferdsel dersom prosjektet ligg inne i vedteken fylkesvegplan
eller i NTP.
5. Midlane kan brukast til investeringar i fysisk tilrettelegging for næringsverksemd,
stadutvikling og liknande.
6. Midlane kan ikkje nyttast til finansiering av investeringar i, eller ordinær drift av,
fylkeskommunal eller kommunal tenesteproduksjon.
7. Midlane kan ikkje nyttast til investeringar i eigenkapital i verksemder, som til dømes
aksjekapital. Det gjeld både bedriftsretta og tilretteleggjande tiltak.
8. RDA-midlar kan ikkje finansiere meir enn 50 % av totalkostnad for bedriftsretta tiltak.
For tilretteleggande tiltak kan RDA-midlar nyttast som einaste finansieringskjelde.
9. RDA-midlane skal ikkje brukast til ordinær drift. Samme tiltak bør ikkje støttast lenger
enn inntil tre år.
10. RDA-midlane kan ikkje nyttast til tiltak innan følgjande sektorar, då det gjeld særskilte
reglar for berekning av DA i desse:
a) Transportsektoren.
b) Verftssektoren.
c) Fiskeri- og landbruksverksemd i sone Ia.
d) Offentleg verksemd.
Sjå utdjupande informasjon på - http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd (pr 02.11.09)
VII DIREKTE BEDRIFTSRETTA TILTAK
Bedriftsretta tiltak er direkte finansiell støtte til ei eller fleire verksemder til målretta og avgrensa
utviklingsprosjekt eller investeringstiltak
Innovasjon Norge (IN) skal medvirke til kvalitet og framdrift i gjennomføringa av næringstiltaka,
og sikre at søknadar er i samsvar med overordna distrikts- og regionalpolitiske målsettingar og
lokale prioriteringar. IN skal vidare sjå til at innvilga prosjektstøtte er i samsvar med
statsstøtteregelverket.
Retningslinjer for saksbehandling av bedriftsretta tiltak
1. Saker med over kr 150.000 i kostnadsramme skal sendast til Innovasjon Norge.
Eventuelle enkeltsaker under dette beløpet må behandlast av kommunen i samsvar med
lokale beslutningsprosedyrer for tildeling av bagatellmessig støtte.
2. Viss RDA-midlane skal brukast bedriftsretta må kommunen sette av midlar til Innovasjon
Norge i sin handlingsplan. Bedriftsretta saker under 150 000 i kostnad skal finansierast frå
den potten kommunen har sett av til dette i handlingsplanen.
3. Innovasjon Norge skal gjennomføre all saksbehandling i samsvar med sine etablerte
rutiner for direkte bedriftsretta støtte.
4. Innovasjon Norge skal i alle saker innhente godkjenning frå lokal plangruppe. Det bør i
større grad søkast å kombinere RDA-midlar i prosjektfinansieringa med IN sine ordinære
virkemiddel på tiltak som IN normalt ikkje har rammer til å prioritere.
5. RDA midlar skal utelukkande komplettere og aldri erstatte bruk av IN sine ordinære
virkemiddel.
6. RDA-midlane kan finansiere inntil 50 % av total kostnadsramme for bedriftsretta tiltak
7. Bedriftsretta støtte skal ikkje vere av eit slikt omfang eller innretning at den kan oppfattast
som urettmessig konkurransevridande
8. Reglane for bagatellmessig støtte seier at ei bedrift kan motta maksimalt 200 000 euro
over ei tre-års periode.
9. Fribeløpsordninga* er rekna som bagatellmessig støtte.
10. Støttemottakar har plikt til å opplyse om tidlegare tildelt bagatellmessig støtte. Om ei
verksemd tek imot meir støtte enn bagatellregelen tillet, eller for tiltak som ikkje er innan
regelverket, er det verksemda som risikerer å betale tilbake tilskotet.
* Meir info på
www.regjeringen.no/finansdepartementet/tema/skatter_og_avgifter
VIII FOND
I heilt spesielle tilfelle, og etter avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune, ved Regional- og
næringsavdelinga, kan midlane settast i fond. Fondet må då ha eit klart avgrensa formål og eigne
vedtekter/retningsliner.
IX PROSEDYRAR
1. Kommunen skal etter vedtak om løyving sende tilsegnsbrev med vilkår for tilsegna.
a) Normalkrav til innhald i tilsegnsbrev er gjort greie for i tildelingsbrevet til
kommunen.
b) Tilsegnsbrevet skal gje ein frist for ferdigstilling og rapportering, og gjere greie
for prosedyrar og dokumentasjonskrav knytt til utbetalinga.
c) Tilsegnsbrevet skal gje opplysningar om klagerett, jf. kommunelova § 29 og
forvaltingslova § 28.
d) Sluttutbetaling skal alltid skje etterskotsvis mot rapport og rekneskap. Det kan
gjerast delutbetalingar til påløpne utgifter med inntil 75 % av løyvd tilskot.
X RAPPORTERING
Kommunen skal kvart år rapportere på bruken av midlane, jf. reglar fastsett i tildelingsbrevet.
Kommunen må etablere eit system som legg til rette for innsyn og kontroll med omsyn til både
økonomi og målstyring.
1. Bedriftsretta tiltak: Kommunen skal i samarbeid med prosjekteigar ta ansvar for å
innhente og oversende fullstendig prosjektrapport og rekneskap (revisorgodkjent for
tilskot over kr 100 000,-) til Innovasjon Norge, som skal rapportere dette vidare til
Kommunal- og regionaldepartementet.
2. Tilretteleggande tiltak: Kommunen har rapporteringsansvar til KRD gjennom Rapp.13.50.
Det er i tillegg gjort eit vedtak i utval for samfunnsutvikling 14.02.2024, USU-sak 19/24, som seier følgjande:
Utval for samfunnsutvikling vedtek å opne for søknadar slik at alle i Herøy kan få moglegheit til å søke på gjenståande RDA-midlar.
1. Det må søkjast via www.regionalforvaltning.no
2. Søknadsordninga vert opna 16.02.2024
3. Søknadar må leverast innan 01.04.2024
Utvalet vedtek at det vert lagt til grunn følgjande kriterie, i tillegg til opphavlege kriteria for RDA-ordninga:
- Støtte til utviklingsprosjekt i Herøy som legg til rette for auka vekst, verdiskaping og bulyst.
- RDA-midlar kan ikkje finansiere meir enn 50 % av totalkostnad i prosjektet eks. mva.
|