(Du er ikke pålogget) 
 

Skjøtsel, skilting, merking og mindre friluftstiltak

Ordninga gjeld for skilting, skjøtsel og tilrettelegging og skal medverke til å sikre, legge til rette for og formidle kulturminne, kulturmiljø, kulturlandskap, grøntområde og friluftslivsområde i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Privatpersonar, stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar.

Kva kan du søke tilskot til?

Tiltak som kombinerer tilrettelegging for friluftsliv og formidling av kulturarv vil bli prioritert. Når kulturarv er ein del av søknaden, blir tiltaket prioritert dersom:

  • kulturminne er freda etter lov om kulturminne
  • står i lista over kulturminne i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturmiljøplanar/kulturminneplanar
  • er regulert til bevaring/omsynssone i medhald av plan- og bygningslova

I friluftslivsområde der kulturminne ikkje er ein del av tiltaket prioriterer vi slik:

  • Tiltak i nærleiken av der folk bur og/eller oppheld seg
  • Område som er kartlagt og verdsett etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013
  • Prosjekt som inngår i ein heilskapleg plan eller strategi, til dømes plan for friluftslivets ferdselsårer 

Søknadsfrist:

14. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 3. mars, seks veker før søknadsfristen 14. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Kort skildring av tiltaket med foto av staden kor tiltaket skal gjennomførast
  • Kartfesting av tiltaket
  • Dokumentasjon på at tiltaket er avklara med kommune og grunneigar
  • Kostnads- og finansieringsplan
  • Plan for korleis tiltaket skal gjennomførast

Der kulturminnet inngår i tiltaket er det i tillegg krav om tilstandsvurdering av kulturminnet.

Vilkår for tilskot:

  1. Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  2. Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Dugnadsinnsats kan leggjast inn som ein del av finansieringa med ein timesats på 300 kroner.
  3. Det er stilt krav til føring og revisjon av rekneskap i organisasjonar og institusjonar som får tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det skal gå fram av årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  4. Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
  5. Tiltak der kulturminne/kulturmiljø inngår, skal ikkje startast opp utan å vere avklart med Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturarvseksjonen. Dette for å sikre at tiltaka vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg måte.
  6. Tilskotet kan berre dekke materialkostnader og betalt arbeid til enkle tiltak, som til dømes tilrettelegging eller istandsetting, klopping, dekking med duk, legging av grus, skilting og liknande. Kostnadar knytt til innkjøp av verktøy og driftsmateriell vert ikkje dekt. Større friluftslivstiltak som kan få tilskot frå spillemiddelordninga blir heldt utanfor.
  7. Ved skilting skal de ta omsyn til «Skiltmal for Møre og Romsdal fylkeskommune» og «Skiltmanual 2019». Denne finn du på merkehandboka.no (lenke opnast i ny fane). På informasjonstavler skal alltid logo for Møre og Romsdal fylkeskommune være med.
  8. Kulturminne, tursti, gapahukar e.l. som er ein del av tiltaket, skal registrerast i morotur.no (lenke opnast i ny fane).
  9. De skal så langt som råd legge til rette for universell utforming.
  10. Søker må avklare med kommunen om tiltaket krev handsaming etter plan- og bygningslova.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen