(Du er ikke pålogget) 
 

Driftstilskot, eittårig – Frivillige organisasjonar og amatørkultur

Opprett ny søknad på støtteordning

Eittårig driftstilskot til frivillige organisasjonar og amatørkultur er først og fremst retta mot regionale organisasjonar/fylkesledd.

Formålet med ordninga er å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Regionale ledd av frivillige organisasjonar som har etablert fylkes- eller krinsledd i Møre og Romsdal med aktivitet i minst 5 kommunar i fylket.

Tilskotet skal støtte drift av verksemda og ikkje eit særskilt tiltak/prosjekt. Tilskotet har eit langsiktig, strategisk preg, og går som hovudregel til varige føremål.

Kva kan du søke tilskot til?

Driftstilskot til organisasjonen/amatørkultur.

Fylkeskommunen kan ikkje gi støtte til:

  • Politisk verksemd
  • Humanitær verksemd
  • Organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar
  • Organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser
  • Trussamfunn og anna religiøs verksemd

Søknadsfrist

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 17. februar, 6 veker før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Søknaden må innehalde:

  • Årsmelding for siste år
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Budsjett for søknadsåret

All dokumentasjon må ligge ved søknaden før den kan bli behandla. Det er søkjar sitt ansvar å ettersende dokumentasjon så snart den er klar.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen