(Du er ikke pålogget) 
 

Breibandutbygging 2021 Møre og Romsdal

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot til breibandutbygging 2021 - søknadsfrist 1. juli 2021

Stortinget har løyvd til saman 364 mill. kroner til å støtte breibandutbygging i 2021. Beløpet er fordelt mellom fylka etter ein fordelingsnøkkel basert på tal hushald utan tilbod om breiband med nedlastingskapasitet på minst 100 Mbit/s. Etter dette er Møre og Romsdal fylkeskommune tildelt ei ramme på 13 639 017 kroner.

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer med dette kommunane til å søkje om tilskot til breibandutbygging 20201– søknadsfristen er 1. juli 2021.

Kven kan få støtte

Ordninga skal støtte utbygging av breiband i område som i dag manglar tilbod om kapasitet på 30 Mbit/s eller høgare, og det ikkje er planlagt utbygging i regi av kommersielle aktørar.

Det er ikkje prioritert mellom ulike område av fylket - alle kommunar i Møre og Romsdal kan søke støtte frå ordninga.

Korleis er søknadsprosessen?

Kommunane har meldt inn område der det kan vere aktuelt å søkje om støtte til utbygging. Desse områda ligg ute på høyring som rettleiande kunngjering i Doffin i perioden 11. mai til 28. juni 2021. Formålet med denne høyringa er å kartlegge om kommersielle aktørar har konkrete planar om utbygging utan tilskot i nokon av dei aktuelle områda.

Kommunane søker deretter om tilskot i regionalforvaltning.no innan 1. juli. Så vurderer fylkeskommunen søknadane og skriv innstilling til fylkeskommunens kultur-, næring- og folkehelseutval, som gjer vedtak om fordeling 31. august 2021. Det neste som skjer er at fylkeskommunen skriv tildelingsbrev til kommunane, og deretter startar arbeidet med felles anbodskonkurranse for utbygging av dei områda som har fått tilskot. Målet er at anbodskonkurransen vert publisert innan 15. oktober 2021 og at kommunane kan inngå kontrakt med leverandørar i starten av 2022.

Viktige vilkår for søknad om breibandstøtte 

  • Ordninga gjeld berre for område som ikkje er aktuelle for kommersiell utbygging 

  • Kommunen kan ikkje stille krav om utbygging med ein særskild teknologi, men Fylkeskommunen vil stille krav om minst 100 Mbit/s i felles anbodskonkurranse 

  • Sluttbrukar skal få tilbod til fastpris uavhengig av bruk 

  • Alle potensielle kundar i området skal få tilbod etter utbygging 

  • Tilskot gjeld ikkje bygging av breiband til fritidsbustader 

  • Lokale bidrag må utgjere minst 25 prosent av finansieringa 

  • Utbyggar sin eigenandel må tilsvare minst 20 000 kroner per husstand 

  • Utbygging må vere gjennomført innan 2 år 

  • Det må gjevast grossisttilgang til nettet for tredjepart, på marknadsmessige vilkår 

  • Ved graving må det leggast til rette for ekstra kapasitet i føringsvegar 

 

Start arbeidet med søknaden no! 

På grunn av den knappe fristen (bestemt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet) rår vi kommunane til å sette i gang med søknadsprosessen så snart som råd. 

 

Spørsmål? 

Møre og Romsdal fylkeskommune sine kontaktpersonar for denne støtteordninga er Eivind Vartdal Ryste, 71 28 02 16,?eivind.vartdal.ryste@mrfylke.no og Anne-Marthe Frostad 71 28 05 42, anne-marthe.frostad@mrfylke.no 

 


 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen