(Du er ikke pålogget) 
 

Omstilling og nyskaping i næringsliv og lokalsamfunn

Opprett ny søknad på støtteordning

Formål:
Ordninga skal fremme omstilling og nyskaping i næringsliv og lokalsamfunn. Målet er eit internasjonalt leiande næringsliv og ein innovativ offentleg sektor, slik at Møre og Romsdal blir eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu.  

Kva kan du søke tilskot til?

Prosjekt der ein får testa ut nye arbeidsformer, nye verktøy, nye samarbeid med mål om å:

  • stimulere til vekst i det lokale næringslivet, basert på berekraftige løysingar
  • auke tilgangen på arbeidskraft til næringsliv og offentleg sektor

Prosjekt som inneber offentleg-privat samarbeid, samarbeid på tvers av kommunar, og prosjekt i kommunar med særlege distriktsutfordringar vil bli prioritert.

Kven kan søke?
Kommunar, hoppid.no-kontor, næringshagar, kunnskapsparkar, inkubatorar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar.

Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. 
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time
  • Vi gir som regel ikkje støtte for meir enn tre års prosjektperiode
  • Søkar må opplyse om kva offentleg støtte ein har mottatt siste tre åra.

Søknadsfrist:

 Løpande gjennom året

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen