(Du er ikke pålogget) 
 

Integreringstiltak for flyktningar i regi av frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal

Opprett ny søknad på støtteordning

Treng du hjelp til å søke? Sjå her:

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/4000081770-hvordan-registrere-en-ny-bruker-video-

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/128942-opprette-en-ny-s%C3%B8knad

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/128961-anmode-om-utbetaling

 

 Møre og Romsdal lyser ut tilskotsordning  for frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal som jobbar med aktivitetstilbod til flyktningar.

Formål

Tilskotsordninga skal bidra til at frivillige lag og organisasjonar raskt kan sette i gong målretta integreringstiltak i den ekstraordinære flyktningsituasjonen.

Økonomisk ramme

  • Det er sett av inntil 5 millionar kroner til formålet.
  • Det er ingen øvre grense på søknadssum, men nedre grense er 20 000 kroner.
  • 75 prosent av innvilga beløp blir utbetalt ved tildeling og 25 prosent blir utbetalt etter godkjent sluttrapportering. Ein kan søke om fullfinansiering av prosjekta. Dugnad blir ikkje rekna som kostnad.
  • Tiltaket må starte opp i løpet av 2022, helst innan to månader etter tildeling.

Kven kan søke?

  • Lokale og regionale frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal som er registrert i Frivilligheitsregisteret.

Kva kan det søkast tilskot til?

  • Tiltak som er direkte retta mot målgruppa til dømes formidling av informasjon, fritids- og ferieaktivitetar, møteplassar, finansiering av utstyr og transport til aktivitetar med meir, og som bidreg til språktrening i norsk/engelsk.

Kva kan ikkje få støtte?

  • Ordinær drift

Prioritering  for tildeling

I vurdering av søknadane blir det særleg lagt vekt på:

  • Tiltak initiert og styrt av frivillige lag og organisasjonar.
  • Tiltak som settast i gang innan to månader etter tildeling.
  • Resultat og effektar som kjem målgruppa busett i Møre og Romsdal fylke til gode.
  • Tiltak der deltakarane sjølve har deltatt/medverka i utforming av tiltaket.

     

    Fylkeskommunen vil støtte prosjekt og tiltak som ikkje er omfatta av andre ordningar, og som vil vere eit supplement til det offentlege tilbodet. Geografisk spreiing, brukarmedverknad og likeverd står sentralt i prioriteringa.

     

    Søknadsfrist:

    Fortløpande

     

    Krav til søknad:

  • Søknaden skal leverast elektronisk via regionalforvaltning.no .
  • Søkar må være registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysundregisteret.
  • Skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast.
  • Budsjett og framdriftsplan for tiltaket må fyllast ut.
  • Dersom det er søkt andre ordningar for prosjektet skal det kome fram i søknaden.
  • Ved samarbeidsprosjekt med andre offentlege etatar, frivillige organisasjonar eller næringsdrivande må det gå fram av søknaden.
  • Tiltaket må vere forankra i styret/organisasjonen.

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt.
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll.

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt

  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysningar i søknaden, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som eventuelt er utbetalt for mykje betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav, kan vi trekke tilskotet tilbake.

    Rapport og rekneskap

  • Det må sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. Sluttrekneskapet skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen. Dette gjeld for tildelingar under 200 000 kroner årleg.
  • For tildelingar over 200 000 kroner er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som bruker kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.
  • All rapportering blir lagt fram for kultur-, næring- og folkehelseutvalet.

Klagerett

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket etter reglane i lova.

Saksbehandling

  • Saksbehandlingstid er inntil fire veker.
  • Kulturavdelinga vil fortløpande gjere vedtak om tildeling.

Synleggjering

  • Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande.
  • Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen