(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond

Opprett ny søknad på støtteordning

Næringsfond og rådgjeving

Stryn kommune forvaltar eit kommunalt næringsfond som primært kan nyttast til næringsutvikling, nyetablering og bedriftsutvikling. Fondet kan støtte både bedriftsretta tiltak og tilretteleggande tiltak og prosjekt.

Både nyetablererar og eksisterande verksemder kan søkje om tilskot frå fondet.

Døme på tiltak det kan søkjast om stønad til:

  • Etablerarstipend
  • Opplæring
  • Produktutvikling
  • Marknadsundersøking
  • Marknadsføring og planlegging
  • Næringsplanlegging
  • Etablerarprosjekt
  • Samarbeid skule/næringsliv


Rådgjeving i samband med nyetablering

Stryn kommune samarbeider med Stryn næringshage  om førstelinetenesta i næringsutviklingsarbeidet. Treng du råd i samband med planar for etablering av ny verksemd, ta kontakt med

Stryn Næringshage, Tinggata 3, 6783 Stryn.
Kontaktperson er Knut-Henning Hjellbakk, tlf 92 89 82 82
E-post: knut-henning@stryn-nh.no

Næringshagen disponerer også ein pott av næringsfondet som kan tildelast unge gründerar i etableringsfasen. Du søkjer gjennom "Regionalforvaltning.no"
 

Rådgjeving for eksisterande verksemder
Dei viktigaste brikkene i kommunen sitt næringsapparat er ordførar, rådmann og seksjon plan/næring. Søknader om stønad frå næringsfondet skal sendast gjennom "Regionalforvaltning.no".

 Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med:
Geirmund Dvergsdal, tlf 57 87 47 14 /971 97 092
E-post: geirmund.dvergsdal@stryn.kommune.no
 

Saksgang
Søknader opp til kr. 10.000 blir behandla administrativt. Øvrige søknader blir lagt fram for formannskapet.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen