(Du er ikke pålogget) 
 

Verdiskaping på kulturområdet

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4). 

 

Ramma for 2023 er på 500 000 kroner. 

 

Søknadsfrist løpande

  

Formål med tilskotsordninga 

Fremme Møre og Romsdal fylkeskommune som berekraftsfylke gjennom: 

  • Kultur og folkehelse i stadutvikling 

  • Kultur som inkludering- og læringsarena 

  • Miljøomsyn i kulturelle aktivitetar 

  • Entreprenørskap og innovasjon i kunst- og kultursektoren 

Kven kan søke? 

  • Kommunar 

  • Kunst- og kulturinstitusjonar 

  • Verksemder (AS og ENK) 

  • Lag- og organisasjonar 

Kva kan du søke tilskot til? 

  • Utviklingsarbeid som bidreg til at ein når mål i tråd med prioriteringar lagt i Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer?(lenke opnast i ny fane) 

  • Utviklingsarbeid som er tverrfagleg, og der resultatet representerer noko vesentleg nytt (innovativt) for aktørane som deltek, for eksempel ein ny eller vesentleg endra teneste, produkt, prosess, organisering eller samarbeids- eller kommunikasjonsmåte. 

  • Resultatet av innovasjonen skal skape fleire formar for verdiar, også for brukarar, for eksempel inkludering, innbyggarinvolvering, berekraftige løysingar eller økonomisk verdi. 

Tilskot til restaurering og drift blir ikkje prioritert i denne ordninga. 

Krav til søknaden 

  • Skildring av tiltaket og korleis det skal gjennomførast. 

  • Budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan). 

  • Framdriftsplan (tidsplan for tiltaket). 

Saksbehandling 

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist.  

Vilkår for tilskotsordninga 

  • Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje pliktig til å sjå til at søkar handlar i tråd med Lov om offentleg anskaffelse (LOA) og Forskrift om offentleg anskaffelse (FOA), men vi føresett at søkar set seg inn i reglementet når det er nødvendig. 

Vilkår for utbetaling 

Kontroll 

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i det statlege bevilgningsreglementet § 10. 

 

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt 

  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.  

  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake   

  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.  

  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel. 

 

Rapport og rekneskap 

  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført. 

  • Det er krav om føring og revisjon av rekneskap for tiltaket. For tildelingar under 200 000 kroner skal sluttrekneskapen skal vere kontrollert og signert av nokon som ikkje har vore delaktig i føringa av rekneskapen.  

  • For tildelingar på 200 000 kroner eller meir er det krav om autorisert revisor. Unntatt frå dette kravet er verksemder som brukar kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.?  

  • Søkarar som får kompensasjon for meirverdiavgift (mva.), skal oppgi beløp eksklusiv mva. i søknaden. Dersom dette ikkje blir gjort skal det som eventuelt er utbetalt for mykje (tilsvarande kompensasjonen) betalast tilbake. 

Klagerett 

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket (jf. LOV-1967-02-10). 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen