(Du er ikke pålogget) 
 

Filmstipend

Opprett ny søknad på støtteordning

Vi lyser ut to filmstipend til profesjonelle filmkunstnarar som bur og har sitt arbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart av stipenda er på 200 000 kroner.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Den totale ramma er på 400 000 kroner.

 

Søknadsfrist

15. februar

 

Formål med stipendet

Filmstipendet har som formål å:

  • bidra til å fremme profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet innanfor filmfeltet hos filmkunstnarar som bur og arbeider i fylket
  • stimulere til at filmkunstnarar etablerer seg i fylket
  • gi filmkunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
  • gi filmkunstnarane moglegheit til å arbeide med film og drive med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i sitt kunstfelt

 

Kven kan søke dette stipendet?

Profesjonelle filmkunstnarar som har vore busett og hatt sitt virke i Møre og Romsdal dei siste tre åra (søknadar frå filmkunstnarar med noko kortare bu- og arbeidstid kan likevel vurderast).

Søkar må ha avslutta og kunne dokumentere filmfagleg, kunstnarisk utdanning på akademi, høgskule- eller universitetsnivå i Noreg eller utlandet.

Søkarar som ikkje har profesjonell filmfagleg eller kunstfagleg utdanning kan få søknad vurdert dersom dei kan dokumentere tilsvarande kunstfagleg realkompetanse innan film med profesjonell verksemd.

Med filmkunstnarar meinast individuelle kunstnariske skapande aktørar innan film. Ordninga er retta primært mot filmregissørar, fotografar, filmkompositørar, kreative 3D spill design utviklarar og filmanimatørar.

 

Kven kan ikkje søke stipendet?

Produksjonsselskap eller kommersielle aktørar kan ikkje søke.

 

Kva kan du bruke stipendet til?

Filmstipend skal gi filmkunstnarar moglegheit til å vidareutvikle sitt filmfaglege uttrykk. Søknaden må innehalde konkrete filmprosjekt; som skriveutvikling av et manus, arbeid med det visuelle eller audiovisuelle uttrykk i et konkret prosjekt, eller utvikle et filmpilotprosjekt.

 

Slik søker du støtte

Stipendet opnar for nye søknadar 30. november 2022. Søknadsfristen er 15. februar 2023. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

 

Krav til søknaden

Ein kan legge ved maks 7 vedlegg i tillegg til CV.

1. CV er obligatorisk for alle som søker stipend og skal lastast opp som PDF. Den skal innehalde:

  • relevant kunstnarisk utdanning og kurs
  • kunstnarisk filmverksemd og produksjon – både gjennomførte og planlagde filmprosjekt
  • annan relevant informasjon relatert til kunstnarleg filmverksemd, som tidlegare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.

2. Vedlegga må vere representative for kunstnarskapet og i hovudsak dokumentere nyare arbeid. Fleire kunstverk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Av omsyn til vurdering og for å styrke prinsippet om lik behandling, må volum på vedlegg vere avgrensa.

3. Vedlegg til søknaden kan lastast opp eller leggast inn som nettlenker. Tekstfiler skal vere lagt ved som PDF. Bilete som jpg-, png-, eller pdf-filer. Video som mp4- eller ogg-filer. Lyd som mp3-filer.

4. Fysiske vedlegg skal ikkje sendast inn.

5. Nettlenker skal vise direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkravd, må brukarnamn og passord vere oppgitt i tekstfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vere tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfrist.

6. Vedlegg som dokumenterer ditt filmkunstnarlege virke kan vere av avgjerande betydning for vurdering av søknaden.

 

Vilkår for stipendet

Følg denne lenka for å laste ned vilkår for stipendet (PDF).

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen