(Du er ikke pålogget) 
 

Prosjekttilskot til samarbeid i ABM-nettverket i Møre og Romsdal

Opprett ny søknad på støtteordning

Å ta vare på, utvikle og formidle materiell og immateriell kulturarv som kjelde til oppleving, kunnskap og bruk er eit samfunnsoppdrag som arkiv, bibliotek og museum (ABM) deler. Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein pådrivar for tettare samarbeid i ABM-nettverket i fylket, og lyser no ut tilskot for å generere meir samspel mellom dei tre aktørane.

Fylkeskommunen skal sørge for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremmer og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt (Kulturlova § 4).

Ramma på støtteordninga er 400 000 kroner.

 

Søknadsfrist

15. februar 2023

 

Formålet med tilskotsordninga

Formålet med ordninga er å fremme formidlingssamarbeid mellom arkiv, bibliotek og museum etter målsettingar i Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer. Formålet er å utvikle aktørane sine funksjonar og lære kvarandre å kjenne, legge til rette for livslang læring, og slik bidra til ei sosial berekraftig utvikling av lokalsamfunn.

Formidlingsprosjekta skal bruke kulturarv og litteratur til å bygge eigen og omgivnaden sin identitet, gjennom å gi publikum gode opplevingar. Formålet med tilskotet er òg å utvikle nye eller eksisterande former og metodar for formidling.

 

Kven kan søke dette tilskotet?

  • Folkebiblioteka i Møre og Romsdal
  • Regionmusea i Møre og Romsdal (Viti, Romsdalsmuseet og Nordmørsmusea)
  • Nynorsk kultursentrum
  • Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune forutsetter at søkar legg FN sine berekraftsmål til grunn.

 

Kva kan du søke tilskot til?

Formidlingsprosjekt
  • som tar utgangspunkt i Fylkesstrategi for kultur, frivillig sektor og arenaer (PDF), kap. 6 Arkiv, bibliotek og museum
  • som legg til rette for formidlingssamarbeid mellom minimum to av aktørane i ABM-sektoren – å få med alle tre aktørane vil telle positivt ut i søknadsprosessen
  • som legg til rette for samarbeid på tvers av kommunegrenser
  • som utviklar aktørane sin funksjon og skapar verdi for brukarar og samfunn
  • der aktørane tar i bruk kvarandre sine og nye felles arenaer og kompetanseområde

 

Kva gis det ikkje støtte til?

Ordinær drift

 

Slik søker du støtte

Støtteordninga opnar for nye søknadar 19. Desember, i god tid før søknadsfristen 15. februar. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din må du bruke søknadsskjema i Regionalforvaltning.

 

Krav til søknaden

Søknaden skal sendes elektronisk via Regionalforvaltning og innehalde:
  • éin hovudsøkar på vegne av samarbeidspartnarar med organisasjonsnr.
  • namn på aktørane, kontaktperson og prosjekt
  • skildring av prosjektet og korleis det skal gjennomførast
  • budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan)
  • framdriftsplan (tidsplan for tiltaket)

 

Saksbehandling

Saksbehandlingstid er inntil fire veker, frå første kvardag etter søknadsfrist.

 

Vilkår for tilskotsordninga

  • Tildeling kan maksimalt utgjere maks 50 prosent av det totale budsjettet. Dersom rapporten viser at den reviderte rekneskapen er lågare enn budsjettert, blir tilskotet avkorta.
  • Innleigde profesjonelle utøvarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane må sjå til Creo og Forfattarsentrum sine satsar, eller nasjonale satsar for Den kulturelle skolesekken (DKS).
  • Eigeninnsats/dugnadsarbeid kan vere ein del av kostnad og finansiering, og kan førast opp med inntil 550 kroner per time (kostnadsoverslag / finansieringsplan).
  • Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje pliktig til å sjå til at søkar handlar i tråd med Lov om offentleg anskaffelse (LOA) og Forskrift om offentleg anskaffelse (FOA), men vi føresett at søkar set seg inn i reglementet når det er nødvendig.

 

Vilkår for utbetaling

Fylkeskommunen kontrollere at vilkåra er oppfylt
Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i det statlege bevilgningsreglementet § 10.

Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt

  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake.
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake.
  • Dersom de ikkje oppfyller vilkår og rapporteringskrav blir tilskotet automatisk trekt tilbake etter 3 år, utan varsel.

Rapport og rekneskap

  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
  • Søkarar som får kompensasjon for meirverdiavgift (mva.), skal oppgi beløp eksklusiv mva. i søknaden. Dersom dette ikkje blir gjort skal det som eventuelt er utbetalt for mykje (tilsvarande kompensasjonen) betalast tilbake.

 

Klagerett

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket.

 

Synleggjering

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande.

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Relevante dokument

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen