(Du er ikke pålogget) 
 

MERKUR Servicestøtte 2023

Servicestøtte til distriktsbutikkar

Nærbutikk er ein viktig del av tenestetilbodet for folk i distrikta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har etablert ei ordning der dei aller minste butikkane kan søkje om servicestøtte.

Målet med støtteordninga er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.

Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar forvaltar støtteordninga på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For 2023 er det sett av til saman 41 millionar kr til investerings-, utviklings- og servicestøtte for utkantbutikkar og til investeringsstøtte for å styrkje drivstofftilgangen i distrikta, samt utviklingsstøtte til bokhandlar.

Merkur-programmet arbeider for at daglegvarebutikkane skal få tilleggstenester som fører til at butikken blir meir lønnsam, samtidig som innbyggjarane i lokalsamfunnet får betre tenester.

Støtteordninga gjeld i utgangspunktet for Merkur-butikkar. Det vil seie daglegvarebutikkar som har delteke eller deltek i Merkur sitt kompetanse-program. Bokhandlar som har deltatt i Merkurs kompetanseprogram, er ikkje omfatta av servicestøtteordninga.

Det er utarbeidd eit regelverk  med klare vilkår når det gjeld kundegrunnlag, omsetning og avstand til næraste butikk. Mellom anna må butikken liggje åleine på ei øy eller ha minst 20,0 km avstand til nærmaste alternative butikk, og ha under kr. 4,0 mill. i omsetning, og ha minst 3 tilleggstenester.

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Ein tek atterhald om tilgjengelege midlar. For butikkar som mottok servicestøtte i 2022 og søkjer om fornya støtte, er det viktig at sluttrapport er godkjent før ein søkjer på nytt.

For å opprette ein søknad, gå inn på her:  https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx.  Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre,  eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.

For meir informasjon: Merkur-programmet 

Regelverk for servicestøtteordninga: Merkur-forskrifta kap. 4

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen