(Du er ikke pålogget) 
 

Datakultur

Opprett ny søknad på støtteordning

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å løfte datakultur som kunst- og kulturuttrykk. Vi lyser derfor no ut midlar som skal bidra til å gjere datakultur tilgjengeleg, inkluderande og trygg for alle som vil ta del i den.

Tid for spill – regjeringa si dataspillstrategi 2024–2026 (lenke opnast i ny fane) seier at dataspel er kultur, innovasjon, næring, internasjonalisering, kunnskap og fellesskap. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery seier at «Dataspill kan også være fantastiske kunst- og kulturuttrykk og en kilde til kreativitet og kunnskapsutvikling».

Maksbeløp per prosjekt er satt til 200 000 kroner.

 

Kva kan du søke støtte til?

  • Aktivitet og tiltak som er knytt til ein gratis, inkluderande og tilgjengeleg møteplass for målgruppa
  • Aktivitet og tiltak som skal bryte ned barrierar knytt til deltaking i dataspelkulturen. Desse barrierane kan for eksempel vere kjønn, økonomi, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, etnisitet, geografi eller alder.
  • Innkjøp av utstyr knytt til planlagde aktivitet og tiltak for og med målgruppa.

Målgruppa kan vere barn, ungdom, vaksne og/eller seniorar. Ein god dialog med målgruppa og ein plan for medverknad i prosjektet er eit krav for å få støtte. Medverknad kan skje både digitalt og fysisk.

Kva blir det ikkje gitt støtte til?

  • Ordinær drift
  • Institusjonar som får driftsstøtte frå fylkeskommunen
  • Prosjekt og tiltak som allereie er starta eller er gjennomført før søknadsfristen
  • Prosjekt og tiltak som er meint å skape eit overskot eller som blir arrangert for å samle inn midlar
  • Politisk verksemd. Det betyr at politiske parti, ungdomspolitiske parti eller fagforbund ikkje kan søke
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser og liknande
  • Innspeling og utgiving av litteratur, film eller musikk

 

Kven kan søke støtte?

Kommunar i Møre og Romsdal. Dette inkluderer fritidsklubbar, bibliotek, kulturskole, skole, helsetenester og andre kommunale tenester i fylket.

Kommunen kan gjerne samarbeide med andre kommunar og/eller eksterne aktørar, men det er kommunen som må stå som søkar.

 

Formål

Formålet med ordninga er å få til meir aktivitet på datakultur ute i kommunane og å skape inkluderande møteplassar for datakultur.

 

Søknadsfrist

30. april

 

Slik prioriterer vi kven som får støtte

Merk at det fylkeskommunale tilskotet kan maksimalt utgjere 50 prosent av totalbudsjettet. Kommunen sin eigenandel må bestå av minimum 10 prosent eigne midlar. I tillegg kan ein rekne arbeidstid som delar av eigenandelen.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen