(Du er ikke pålogget) 
 

Tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Møre og Romsdal

Opprett ny søknad på støtteordning

Tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Møre og Romsdal

 

Kva er formålet med ordninga?

Tilskotsordninga skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket.

 

Kven kan søke om støtte?

Det kan gjevast tilskot til kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Fylkeskommunen kan vere mottakar dersom arbeidet er knytt til kompetanseheving eller etter- og vidareutdanning i landbruket

 

Kva kan det gjevast tilskot til?

Det kan bli gitt tilskot til tiltak som legg til rette for utvikling av konvensjonell eller økologisk drift i landbruket, eller til utvikling av andre landbruksbaserte næringar.

 

Det kan også gjevast tilskot til tiltak som bidrar til rekruttering til landbruksnæringa og tiltak som styrker rekruttering til landbruksutdanning og kompetanseheving hos næringsutøvarar. 

 

Når er søknadsfristen?

Fylkeskommunen vil ta i mot og behandle søknader fortløpande gjennom året, så langt pengane rekk. Søknader om under 500 000 kroner i tilskot vil kunne bli behandla administrativt, medan større søknader vil bli lagt fram for politisk behandling.

 

Kor mykje tilskot kan ein få?

Det kan normalt gjevast tilskot på inntil 50 prosent av totalt kostnadsoverslag, i særlege tilfelle inntil 75 prosent av kostnad. Eigeninnsats i prosjektet skal prisast til 700 kroner per time. 

 

Tilskotsordninga er regulert i «Forskrift om regionale tilskudd til næringsutvikling, rekruttering, og kompetanseheving i landbruket» som er å lese her: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2019-12-20-2082

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen