(Du er ikke pålogget) 
 

Øygarden kommune - Kompensasjonsordning til lokale virksomheter 2021 (Covid-19)

Opprett ny søknad på støtteordning

Løpande søknadsbehandling fram til siste søknadsfrist som er 31. mai 2021

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) har, i tråd med prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien, fordelt ekstra midlar på landets kommunar for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av covid-19 epidemien. Øygarden kommune har fått tildelt kr. 14 260 112 til dette formålet.

 

Mål og hensikt

Ordninga skal gjere kommunane betre rusta til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kommunen skal fordela dei tildelte midla til lokale verksemder som er ramma av strenge smittverntiltak.

Dette gjeld særskilt støtte som kompenserer lokale verksemders kostandar eller tap som følgje av smitteverntiltak og/eller stenging og som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt så langt i 2021.

 

Kven kan søkje

Lokale verksemder i alle bransjar som er ramma av koronakrisa.

Vi oppmodar spesielt verksemder innan reiseliv-, arrangements- og serveringsnæringane til å søkje.

 Hovudkriterium for tildeling til ovannemnde, vil være fall i omsetning på minst 20 % frå 2019 til 2020, og ha betydelege likviditetsutfordringar. Dersom verksemda hadde oppstart i 2019 / første kvartal 2020, kan omsetning i januar og februar 2020 i forhold til januar og februar 2021 vere berekningsgrunnlag. Søkjarane må ha minimum 1 tilsett. 

Søkjarane må opplysa om all anna offentleg mottatt støtte dei tre siste åra i søknaden.  Søkjar må sørgje for at samla mottatt offentleg tilskot ikkje overstig dei grensene som til ein kvar tid gjeld ifølge EØS statstilskotsregelverk for bagatellmessig tilskot.

Bagatellmessig støtte - Regjeringen.no

Bedrifter som har betalt ut utbytte til eigarar i 2020 og 2021 vil normalt ikkje kunne søkje.

Lokale avdelingar i større konsern vil normalt være utelukka frå ordninga.

Det krevst dokumentasjon på godkjent skatteattest. Dersom føretaket er under konkursbehandling eller avvikling vil det ikkje bli tildelt midlar.

 

Berekningsgrunnlag

Hovudgrunnlag for berekning for tildeling er omsetning for 2020 samanlikna med omsetning i 2019. Dersom verksemda hadde oppstart i 2019 / første kvartal 2020, kan omsetning i januar og februar 2020 i forhold til januar og februar 2021 vere berekningsgrunnlag. Korona-støtte frå andre ordningar må opplysast i søknaden.

Størrelse på støtte vil stå i samsvar med størrelse på omsetnad og tal på tilsette i verksemda.

Søkjarar må dokumentera omsetningsfall og likviditetsutfordringar skriftleg av regnskapsførar eller revisor, dersom verksemda er revisjonspliktig. Opplysningar som vert gjeven i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege.

Søknad om støtte sendast i eige skjema i regionalforvaltning.no, og blir behandla av eit utval nedsett til dette føremålet. Formannskapet vil verte orientert om tildelingar.

 

Kva kan du søkje om

Du kan søkje om støtte for kostnader og/eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstengning, 

I tillegg kan dei som fell utanfor generelle kompensasjonsordningar søkje om støtte til faste uunngåelege utgifter som på grunn av korona er vanskeleg å dekkje. 

 

Fortløpande søknadsfrist fram til og med 31.mai 2021.

Tilskot vil bli gjeven som bagatellmessig støtte etter statsstøtteregulativet.

Beløpet tildelt vert satt utifrå opplyst omsetning og tal på tilsette, og etter juryens totale vurdering av søknadskriteria.

Søkjar må fylle inn opplysningane og laste opp dokumentasjon som krevst i søknadsskjema (skatteattest, årsregnskap 2019 og 2020 godkjent av regnskapsførar eller revisor, dersom verksemda er revisjonspliktig).

Midlane vil bli utbetalt raskast mogeleg etter at juryens vurdering er godkjent.

 

Merk: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.

 

 Kontroll

Øygarden kommune og departementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på  Kommunal- og  Moderniseringsdepartement:

https://www.regjeringen.no/contentassets/25112a24a5764908bec35e653933a066/tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonsordning-.pdf

 

Spørsmål om søknaden kan rettast til Vekstportalen ved Sirianne Arnestad Hellerud / sirianne@vnr.no

For hjelp til utfylling, sjå: 

 https://www.youtube.com/watch?v=rV9N5N5hiP4

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen