(Du er ikke pålogget) 
 

Kinn kommune støtte til særleg hardt ramma bedrifter i høve smitteverntiltak del 2

Opprett ny søknad på støtteordning

Er di bedrift særleg hardt ramma av nasjonale smittevernstiltak?

Kinn kommune har mottatt del 2 av kommunale kompensasjonsmidlar til lokale verksemder. Kompensasjonsordninga del 1 hadde søknadsfrist 1. mai og er allereie tildelt verksemdene. 

I del 1 av kompensasjonsrunda nytta kommunen ein modell som gjev servicenæringa som har blitt pålagt nedstegning og strenge smitteverntiltak ein automatisk kompensasjon utifrå innrapportert forventa alkoholomsetning for år 2020. Denne modellen treff dei som er særs hardt råka og vil nok nyttast i del 2 av kompensasjonsordninga også.

Ordninga skal  fungere som ein kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg støtte som kompenserer lokale verksemders kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar faller utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Søknadsfrist vert sett til 15. juni for å få midlane raskt ut til dei som treng dei mest. 

Kinn kommune har delegert til Aksello å forvalte desse midlane i høve hensikt, mål og retningslinjer frå KMD. Ta kontakt med oss om du har spørsmål.

 

Lone Bareksten

Dagleg leiar, Aksello AS

Tlf 47262635

lone@aksello.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen