(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 6. runde

Stad kommune har mottatt kr. 648 000,- i 6. tildeling av midlar til ein kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedriftene.

Departementet forventar at kommunen tildela midlane til bedriftene raskast mogleg.


Ordninga skal kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Dette gjelder særleg verksemder innanfor reiselivs-, overnattings- og serveringsnæringane.

 

Korleis søkje?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no. med dokumentasjon for tapte inntekter og ekstra kostnader.

Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentleg støtte og bedriftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte. Næringsaktørar og verksemder skal vere registrert i Stad kommune.

Sak om tildeling frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder skal handsamast i Utvalet for kultur, idrett, samfunn og næring 8. februar 2022.

 

Søknadsfrist vert sett til 24. januar 2022.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål. 

Arild Vonheim 

Stad kommune 
90409929 
Arild.Vonheim@stad.kommune.no 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen