(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsnordning for lokale verksemder - Solund kommune #2

Opprett ny søknad på støtteordning

Solund kommune er tildelt 250.000 kroner til kommunal kompensasjonsordning, løyvd av Stortinget. Fordeling og framdrift er basert på mål og føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og Veileder for den nasjonalt notifiserte ordningen under Covid19-rammeverket.

Søknadsfrist: 23.01.2022

 

Føremålet med ordninga:

  • Å avhjelpe situasjonen i kommunar med næringsliv som igjen er ramma av nye smittevernstiltak innført i desember 2021.
  • Ordninga skal sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter.
  • Dette er også ei ventilordning som kan brukast til å hjelpe dei verksemder som av ulike grunnar fell utanom lønnsstøtteordninga eller den generelle kompensasjonsordninga.
  • Sikre likviditet for verksemder som står ovanfor ein mangel eller utilgjengeleg likviditet på grunn av covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rette seg mot lokale verksemder som er spesielt rørt av lokale eller nasjonale smitteverntiltak eller den økonomiske nedgangen som følgje av covid-19-pandemien.
  • Likviditeten (i form av dekning av ekstrakostnader og tap) vert betra for det lokale næringslivet; i dette ligg det at verksemdene kan få dekka kostnader og tap. Tilskot kan gjevast til verksemder som kan dokumentere tap av inntekter eller auka kostnader.

 

Tilskot kan gjevast til:

  • Verksemder med tap av omsetning/ inntekt som følgje av covid-19-pandemien eller den påfølgjande økonomiske nedgangen. Eit tap kan målast i form av redusert inntening i ein periode samanlikna med tilsvarande periodar i normalår. Tapet må ikkje kunne dekkast av andre offentlege tilskotsordningar.
  • Verksemder med auka kostnader som følgje av eit tiltak for å unngå spreiing av covid-19, og kostnader direkte knytt til covid-19-lavkonjuktur
  • Verksemder som er gjenstand for tap av varer pga. Covid-19-pandemien.

 

Anna relevant informasjon:

  • Kommunane har mulegheiter til å prioritere innanfor sin kommune og kommunen har stor fridom til å støtte ulike delar av næringslivet avhengig av den lokale situasjonen.
  • Dersom verksemda har motteke anna støtte i samband med covi-19 kan dette føre til heilt eller delvis avkorting.
  • Dersom søkjar oppgjev feile opplysningar, kan tilskotet krevjast tilbakebetalt, heilt eller delvis.
  • Dersom søknadsbeløpa overskrid kommunen sine disponible midlar, blir tilskotet prioritert etter kva bedrifter som har størst behov og fordelt prosentvis via ein fordelingsnøkkel.

 

Krav til søkjar:

  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling, eller ha vore i økonomiske vanskar før koronasituasjonen ramma landet.
  • Føretaket må drifte ei lita eller mellomstor verksemd i Solund og ha adresse i Solund. Det gjeld unntak for destinasjonsselskap.
  • Søkjar kan ikkje drive innan kommunal regi eller få inntekter fastsett av offentleg sektor.
  • Søkjar kan ikkje drifte innan finanssektoren.

     

    Krav til søknad:

  • Det må søkjast via regionalforvaltning.no.
  • Det kan ikkje søkjast om lån eller garantiar.
  • Det må opplysast om kor mykje bedrifta har fått i offentlege tilskot dei 3 siste åra, både i tilknyting til covid-19 og andre tilskot. Oversikten skal også innehalde kommunale tilskot. 
  • Søknaden må innehalde:

 

Prioriterte innsatsområde:

  • Verksemder ramma av restriksjonane som vart sett i verk desember 2021
  • Verksemder med akutte likviditetsproblem
  • Oppretthalding av arbeidsplassar og halde på kompetanse i bedrifter

 

Vurdering av søknader

Alle kriteria som står i utlysinga må vurderast. Sakshandsamarane kan ikkje legge vekt på opplysningar eller forhold som ikkje er står i utlysinga, med unntak av forhold som følgjer av lov.

 

Ved spørsmål:

Ta kontakt med Solund kommune, avdeling for samfunns- og næringsutvikling:

Leiar Trond Sæbø Skarpeteig, Trond.Saebo.Skarpeteig@solund.kommune.no, tlf. 900 58 182

Rådgjevar Anne Kristine Dyrdal; Anne.Kristine.Dyrdal@solund.kommune.no, tlf.57 78 82 08/ 918 62 055

 

Utlysinga vil skje i tråd med Veileder H-2496 - Veileder for den nasjonalt notifiserte ordningen under Covid19-rammeverket

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen