(Du er ikke pålogget) 
 

Infrastrukturmidlar i reiselivet - utlysing 2018

Utlysing av infrastrukturmidlar i reiselivet

Grunna reduksjon i tilskot frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til denne ordninga ser vi oss nødt til å gjere ei prioritering ved tildeling av midlar. I år vil fylkeskommunen difor prioritere å støtte prosjekt som har fått støtte tidligare. Utover dette gjeld dei same vilkåra som ved tidligare utlysingar.

 

Tiltaka som vert støtta skal medverke til å nå måla for reiselivssatsinga i Verdiskapingsplanen.

Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak som skal gjere dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Vi ynskjer spesielt å legge til rette for at turisten kan vandre for å oppleve attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstader og kulturattraksjonar.

Kven kan søkje?

Alle kan søkje, og alle søknader skal vere koordinerte og forankra i det regionale destinasjonsselskapet. Alle søkjarar skal ta kontakt med destinasjonsselskapet for nærare informasjon og vidare koordinering. Attraksjonar og eventuelle reiselivsbedrifter vert oppmoda til å søkje i fellesskap der dette er naturleg.

Kva prosjekt kan få støtte?

Forprosjekt som skal greie ut nye tiltak, og hovudprosjekt som skal prøve ut nye tiltak kan få støtte.

Hovudprosjekta kan vere å utvikle nye tiltak, eller prøve ut nye tiltak, i inntil tre år. Midlane skal nyttast til tiltak med oppstart frå 2018.

Døme på infrastrukturtiltak kan vere (lista er ikkje uttømmande):

  • Ruteutviklingsprosjekt, men ikkje drift av ruter
  • Utvikling av elektronisk infrastruktur
  • Produktforbetring – tiltak som betrar den reisande si oppleving

Kva prosjekt og tiltak vert prioriterte?

  • Tiltak som bidreg til auka verdiskaping til reiselivsbedriftene i området
  • Tiltak som skapar auka trafikk i skulder- og vintersesong
  • Tiltak som støttar opp under fleire attraksjonar/reiselivsbedrifter
  • Tiltak som medverkar til auka overrislingseffekt
  • Tiltak som stør opp om vandring som aktivitet
  • Prosjekt med forankring i destinasjonsselskapet i regionen
  • Vi legg vekt på miljøprofil og berekraft ved tildeling av midlar
  • Tiltak som har fått støtte tidlegare vert prioritert for tildeling i 2018

Kriterium for å få støtte

  • Hovudprosjekt kan bli støtta med inntil 50 prosent av kostnad.
  • Eigeninnsats kan inngå som ein del av finansieringsplanen, og kan prissetjast til inntil kr 600 timen. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
  • Tilskotet skal ikkje gå til bedriftsretta tiltak og tiltak som kan reknast som bedriftsutvikling. Tiltak som vert støtta skal vere opne og tilgjengelege for alle.
  • Tilskot som omhandlar transportutviklingstiltak, kan berre nyttast til å dekke eventuelt kostnader som ikkje vert dekka av billettinntekter.
  • Tiltaka skal ikkje ha samfinansiering med kommunale næringsfond eller tilskot til bedriftsutvikling frå Innovasjon Norge.
  • Tilskotet skal ikkje gå til drift eller innkjøp.
  • Midlane skal ha utløysande effekt for realisering.
  • Destinasjonsselskapa vurderer søknadane før innstilling, søkjar skal difor ta kontakt med destinasjonselskapet i sitt område for å få søknaden vurdert før den vert sendt inn.

Søknad

Søknaden skal opprettast elektronisk gjennom nettstaden Regionalforvaltning.no. På denne sida finn du òg utlysingstekst og kontaktinformasjon.
Søknadsskjemaet inneheld obligatoriske felt i søknadsskjemaet som skal fyllast ut.

Det er viktig at dei ulike prosjekta har målbare mål i så stor grad som mogleg, og at prosjekta er forankra i måla i reiselivsplanen for Sogn og Fjordane og hjå destinasjonsselskapet.

Kontaktpersonar

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Ingeborg Lysne Mcevoy
Ingeborg.Lysne@sfj.no
Tlf: 90634837

Visit Sognefjord
Ståle Brandshaug
Tlf: 90 96 11 79

E-post:
stale@sognefjord.no

Visit Nordfjord
Marita Lindvik
Tlf: 48 14 86 99

E-post:
marita@nordfjord.no

Sunnfjord Utvikling
Bjørn Kjos-Wenjum
Tlf: 

E-post:
bjorg@sunnfjord.no

For tekniske spørsmål til bruk av regionalforvaltning, kontakt:

Næringsavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune 

Anne Silje Sylvarnes
Tlf. 57 63 81 64

E-post:Anne.Silje.Sylvarnes@sfj.no

Viktige datoar

Søknadsfrist 15. februar 2018

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen