(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Hjelmeland kommune

Kommunalt næringsfond - Hjelmeland kommune

Etter forslag frå Regjeringa vedtok Stortinget den 19.juni å setja av 600 mill. kroner til kommunale næringsfond. Dette er ekstraordinære midlar gitt som følgje av Covid-19-utbrotet. Rogaland fylkeskommune har fordelt kr 32,2 millionar til kommunane. Hjelmeland kommune har fått om lag kr 740 000 kr til fordeling. Midlane skal setja kommunane i stand til å leggja til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping ut frå lokale utfordringar, behov og potensial. 
Kven kan søkje om støtte? 
Målgruppa er bedrifter, etablerarar og næringsaktørar, og desse kan søkje om tilskot. Tilskotet gjeld for alle næringar. Med næringsaktør meinar ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.
(Kommunen kan unntaksvis tildela midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet.) 
Bedrifter, etablerarar eller næringsaktørar må vera registrert i Hjelmeland kommune. 

Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motvirke negative verknadar av koronavirusutbrotet. 
Tildelinga følgjer reglar for offentleg støtte, der bedriftsstøtte kan gjevast etter reglar for bagatellmessig støtte. Vidare er det utarbeida ei eiga midlertidig forskrift om tilskot til kommunale næringsfond som følgje av covid-19- utbrotet som du finn her. Søkjar må gjere seg kjent med innhaldet i forskrifta.

Korleis søkje?
Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no. Her får ein tilgang til ein søknadsmal når ein har registrert bedrifta som søkjar. 
Søknaden skal bl.a. oppgi kontaktopplysningar, kor prosjektet/tiltaket skal gjennomførast, kor stor bedrifta er, utgreiing om prosjektet/tiltaket, blant anna mål og start-/sluttdato, målgruppe, og informasjon om budsjett. Det må også gjerast greie for om det på søknadstidspunktet er mottatt anna offentleg støtte inneverande og to siste rekneskapsår. 

Vurdering av søknadar 
I vurderinga av søknadane om tilskot blir det lagt særleg vekt på: 
a) i kor stor grad tiltaket vil skapa auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping ut frå lokale utfordringar 
b) i kor stor grad ein kan rekna med at bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil motverke negative verknadar av covid-19-utbrotet. 
c) kor raskt tiltaket kan setjast i gong 

Samlet tilskot frå næringsfondet skal som hovudregel ikkje overstiga 50 prosent av prosjektet sitt kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75 prosent.

Hjelmeland kommune vil fordela tilskotet fortløpande fram til og med 31 desember 2020.  
Søknadane skal behandlast av rådmann.
 
Kontaktperson: Torborg Kleppa, rådgjevar næring og landbruk, tlf. 40439 123, e-post: torborg.kleppa@hjelmeland.kommune.no 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen