(Du er ikke pålogget) 
 

Ekstraordinært kommunalt næringsfond - Høyanger kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon i Vestland Fylke gjorde i møte den 16/7 – 2020 vedtak om å løyve midlar til kommunale næringsfond som eit tiltak mot koronakrisa. Høyanger kommune fekk tildelt kr. 1.048.829,- etter ein fordelingsnøkkel basert på sysselsetting, næringssamansetjing, distriktsfaktor og skjøn. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. 

Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot. For tilskot til investeringar kan samla støtte frå næringsfondet maksimalt utgjere 30% av kapitalbehovet. Maksimalt tilskot til investeringar er kr. 100.000,- per prosjekt. 

I vurderinga av søknadane vert det særskilt lagt vekt på:

  1. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  2. i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet
  3. kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Første handsaming av søknader er 20. september, deretter vert søknadene handsama fortløpande. Midlane vert forvalta i tråd med "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet", og eigne lokale retningslinjer. Meir informasjon finn du på HNU sine nettsider. 

 

Eventuelle spørsmål knytttil utlysinga kan rettast til næringskonsulent i Høyanger Næringsutvikling AS, Birgitta Hagen Kyrkjebø, epost:

birgitta@hnu.no eller telefon 47751637

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen