(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Covid-19 - Hemsedal kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Ekstraordinær næringstønad

Som del av krisepakke 3 har Viken fylkeskommune tildelt Hemsedal kommune kr. 2.800.000.- i nytt næringsfond. Tilskotet skal sette kommunen i stand til å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Målgruppa for ordninga er verksemder og næringsaktørar. Ved tildeling av midlane blir bransjar som er hardast ramma av koronakrisa prioritert. Det vert oppfordra til lokale og regionale samarbeidsprosjekt, i den grad det kan oppnåast bransjespesifikke synergieffektar.

Kven og kva det kan gjevast tilskot til
Det kan gjevast tilskot til bedrifter, gründerar og andre næringsaktørar. I vurdering av søknadene om tilskot vert det lagt særs vekt på:
a. i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskapning basert på lokale utfordringar, behov og potensiale
b. i kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerere/ gründer eller andre næringsretta tiltak motverke negative verknadar av covid-19 utbrotet
c. kor raskt tiltaket kan setjast i gang

Tilskotet si storleik
Samla tilskot frå næringsfondet skal som hovedregel ikkje overstige 50% av prosjektet sitt samla kapitalbehov, og det skal aldri overstige 75%.

Utbetaling av tilskot

Tilskot betalast ut etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utetalast etter kvart som tilskotsmottakar dokumenterer framdrift i tiltaket. Er det nødvendig for at prosjektet skal komme i gang kan inntil 15% av tilskotet utbetalast ved oppatart av tiltaket.

Korleis søkje

Send inn søknad via www.regionalforvaltning.no.

Ta kontakt med kommunen på telefon 31 40 88 09 om du har spørsmål knytt til tilskotsordninga.
Søknadsfristen er 1. oktober. Søknadar etter dette vert vurdert i høve ledig ramme og føremål med forskrifta.
Me oppdrar deg til å søke så snart som råd.

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen