(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Covid-19 midlar Valle kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunalt næringsfond – Covid-19 midlar Valle kommune

Covid 19-utbrotet har gitt store utfordringar for næringslivet i mange kommunar. Stortinget har 19. juni 2020 løyvd ekstra midlar til kommunale næringsfond. Agder fylkeskommune har fått tildelt kr 34,8 millionar til uavkorta fordeling til kommunane. Av dette har Valle kommune fått kr 823 000 til fordeling lokalt. Midlane skal setje kommunane i stand til å leggje til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.

Kven kan søkje om støtte?

Støtta kan verte gjeve til bedrifter, etablerarar og næringsaktørar. Næringsaktør blir definert som ein aktør som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Midlane skal nyttast til bedriftsretta støtte og til andre næringsretta tiltak som kommunen meiner er viktig for å motverke negative verknader av koronavirusutbrotet, der ein vektlegg betydinga for arbeidsplassar, verdiskaping og økonomisk aktivitet.

Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentlig støtte og bedriftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte.

Bedrifter, etablerarar eller næringsaktørar skal vere registrert i Valle kommune.

Møte:

Valle kommune inviterer bedrifter, etablerarar og næringsaktørar til møte tysdag 22. september kl. 18:00 på Hylestad soknehus der oppsummering/evaluering av sommaren 2020 og informasjon om denne støtteordninga er tema. 

På grunn av koronasituasjonen ynskjer vi påmelding til møtet innan fredag 18.09.2020. Påmelding sendast til post@valle.kommune.no. Det vert enkel servering.

Korleis søkje?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no. Kvar søkjar må opprette ein eigen brukar.

Søknadsfrist vert sett til 11. oktober 2020. Sak om tildeling av ekstraordinært kommunalt næringfond skal handsamast i formannskapet i november.

Løpande frist  etter dette ut året, dersom det er midlar att etter søknadsfristen.


Vurdering av søknadar
I vurderinga av søknadane skal det leggjast særleg vekt på:
• tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial.
• tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
• tiltak som kjem raskt i gong

Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 prosent.
Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet

Tilskotsmidla vert utbetalt etterskotsvis. Tilskotet kan likevel delvis utbetalast etter kvart som tilskotsmottakar dokumenterer framdrifta i gjennomføringa av tiltaket. Er det naudsynt for at prosjektet skal komme i gong, kan inntil 15 prosent av tilskotet utbetalast ved oppstart av tiltaket.

Kontaktperson: 
Navn: Torbjørg Trydal
E-post: torbjorg.trydal@valle.kommune.no
Tlf: 904 03 733

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen