(Du er ikke pålogget) 
 

Bremanger Kommune - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder

Opprett ny søknad på støtteordning

Bremanger kommune har i to runder fått tildelt til sammen kr 580 167,- i statlege midler til kommunal kompensasjonsordning for lokalebedrifter.

Hensikta og målet med tilskotet er å sette kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt rammet av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også fungere som ein kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg støtte som kompenserer lokale verksemders kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar faller utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Bremanger kommune kan tilpasse kva slags verksemder ein kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. 

Korleis søkje?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no.

Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentlig støtte og bedriftstøtta kan verte gjeve etter reglane om bagatellmessig støtte. Næringsaktørar og verksemder skal vere registrert i Bremanger kommune.

Søknadsfrist vert sett til 15. juni 2021.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål. 

Tom Joensen

Bremanger kommune 
47619641
tom.joensen@bremanger.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen