(Du er ikke pålogget) 
 

Støtte til tidlegfaseinitativ for grøn omstilling i Vestland

Formål

Målet med utlysinga er å støtte tidlegfaseinitiativ som ikkje er mogne for eksisterande støtteordningar, og som har potensiale til å kunne bidra til dei overordna målsetnadene i høyringsutkastet til Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling. Døme på aktuelle spørsmål i ein tidleg avklaringsfase er å kartlegge forretnings- og eksportpotensialet nærare, vurdere om Vestland har konkurransefortrinn innan det aktuelle feltet, samt avklare kva aktørar som må finne saman og kva utfordringar som må løysast for å utløyse det identifiserte potensialet.

Søknadar vil bli behandla fortløpande. Eit prosjekt kan få inntil 150 000 kr i støtte, til saman er det 600 000 kr som skal delast ut. Ei føresetnad for å få støtte er at prosjektet skal starte opp før 1. oktober 2021.

Type støtte VLFK kan gå inn med:

Vestland fylkeskommune vil i utgangspunktet bidra med prosesshjelp i form av:

  • Støtte i prosjektutviklinga, t.d. deltaking i arbeidsgrupper og workshops
  • Kople saman aktuelle samarbeidspartnarar
  • Gje støtteerklæringar
  • Informere og rettleie om eksisterande støtteordningar
  • Økonomisk støtte inntil kr 150 000 per prosjekt.

I utgangspunktet vil støtta bli gitt av tilsette i Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg med den naudsynte fagkompetansen, men i tilfelle kor vi vurderer at vi ikkje har kapasitet eller kompetanse til å bistå kan det vere aktuelt at vi hyrar inn eksterne ressursar for å bistå med prosesshjelpa. Det er også mogleg å søkje om inntil kr 150 000 per prosjekt. Midlane kan nyttast til å dekke personal- og indirekte kostnader for personar som skal bidra til å utvikle prosjektet i ein tidleg fase. Det kan vere personar i eigen organisasjon eller kjøp av ekstern bistand.

Målgruppe:

Målgruppa for ordninga er FoU-miljø, samanslutningar av verksemder (næringsklynger, næringshagar, inkubatorar, næringslag o.l.), organisasjonar og andre kompetansemiljø i Vestland.

Enkeltverksemder er i utgangspunktet ikkje i målgruppa, men kan likevel vurderast dersom dei har eit ønskje om å knyte seg til miljø skildra ovanfor. Det er eit krav at eventuell bistand til prosjektet ikkje bryt med gjeldande regelverk om statsstøtte.

 

Kriterium for ordninga

  • Prosjektet må ligge innanfor ramma av dei 11 verdikjedene og 24 forretningsmoglegheitene som er vurdert som særs aktuelle for Vestland i rapporten Vestlandscenarioa 2020
  • Prosjektet må ha utgangspunkt i konkurransefortrinn, kompetanse og teknologi som er bygd opp innafor eksisterande næringar i Vestland
  • Prosjektet bør ha eit forretnings- og innovasjonspotensiale
  • Prosjektet må ha ein tydeleg samfunnseffekt og kunne bidra til dei overordna målsetnadene i høyringsutkastet til Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

 

Krav til dokumentasjon frå søkjar:
Søkjar må levere ei kort prosjektskildring som syner kven som står bak initiativet, kven dei ønskjer å involvere, målsetnader og ei vurdering av desse opp mot kriteria over.

  

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen