(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning runde 3 -Utlysing av restsum Aurland Kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Utlysing av restmidlar etter 3 runde med kommunale kompensasjonsmidlar

 

I samband med utdeling av kommunale kompensasjonsmidlar med søknadsfrist 20. august står Aurland kommune no att med kr. 717 000,- som vert utlyst på nytt, med søknadsfrist 1. oktober 2021.

I tildelingsbrevet står det at kommunane skal bruke midlane på tiltak på lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Føremålet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smittevern tiltak, og som fell heilt eller delvis utføre andre støtte ordningar.

Kommunane har betydeleg friheit til å tilpasse kva verksemder dei kan gje støtte til, avhengig av den lokale situasjonen.

Desse kan søkje om midlar til kompensasjon: 

  • Verksemder som har adresse i Aurland kommune, og aktivitet lagt til kommunen.
  • Verksemder som av ulike grunnar fell utføre andre kompensasjonsordningar, som til dømes har starta opp verksemda si i løpet av 2019 eller fell utføre andre ordningar grunna næringskode.
  • Verksemder som har fått auke i kostnader grunna smitteverntiltak. Om verksemda har fått midlar frå statlege ordningar så kan dei framleis søkje om midlar til smitteverntiltak.
  • Tiltak som kan vera med å styrka Aurland sin posisjon i reiselivmarknaden nasjonalt og internasjonalt, i form av generell marknadsføring, messedeltaking, relasjonsbygging og liknande. Tiltaka kan gjelde den einskilde reiselivsverksemda, eller Aurland som destinasjon.
  • Verksemder som kan dokumentera tap av omsetjing/inntekt som fylgje av Covid-19 og den påfølgande økonomiske nedgangen.

Støtteform

Tildelinga blir gjeve i form av bagatellmessig støtte. Tilsegn frå ordninga blir gjeve i samsvar med gjeldande regelverk og retningsliner for bruk av statsmidlar.
Tildelinga vert basert på søknad med dokumentasjon.

Krav til dokumentasjon:

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitteverntiltak og stenging, som:

  • Tapte inntekter knytt til nedstenging i høve offentlege smittevernkrav
  • Ekstra kostnader til smittevern tiltak
  • Andre kostnader som fylgje av nedstenginga
  • Om ein søkjer om midlar til tiltak må ein leggje ved ein plan for korleis midlane skal nyttast.

Dokumentert tap må inkludera erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor).

Det vil ikkje bli kravd skatteattest.

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Søkjar må syte for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk (bagatellmessig støtte: 200 000 EURO).

Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Rettningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar.

Søknad

Bedrifter kan søkje på ordninga via portalen www.regionalforvaltning.no . Aurland kommune set i utgangspunktet krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring.

Søknadsfrist:

Fristen for å søkje er sett til 1. oktober

Handsaming
Søknadene vert handsama i Formannskapet 
så snart råd er (og dersom sakspapira vert ferdige, i møtet 21- oktober i formannskapet).

Midlane i denne runden må vere gjeve tilsagn på seinast 01.11.2021.

NB! Verksemder som har fått stønad frå tidlegare kommunale kompensasjonsordningar eller frå andre stønadsordningar (blant anna statlege) vert ikkje prioritert i utdelinga -med mindre det er kompensasjonsmidlar att etter hovudmålgruppa har fått utdelt.

Alle verksemder som fell utføre anna støtteordningar og som kan dokumentere tap vil få tildelt ein lik prosentdel i kompensasjon.

Kompensasjon for smitteverntiltak vert sett på så viktig for å halde verksemdene i gang, og kan difor få høgare prioritet enn anna kompensasjon.

Meir informasjon

  • Statsbudsjettet 2021 – Tilskottsbrev kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder
  • Anna informasjon: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege, med indre det er heimel for å unnta etter Offentleglova.
  • Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Næringsrådgjevar på tlf: 95 98 46 47

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen