(Du er ikke pålogget) 
 

Restmidlar kommunalt næringsfond

Opprett ny søknad på støtteordning

STAD KOMMUNE NÆRINGSFOND

Stad kommunestyre vedtok i møte den 16. september 2021, sak 21/119, reviderte retningslinjer for kommunalt næringsfond for Stad kommune. Stad kommune lyser ut restsummen på kr. 410.000,- frå næringsfondet til tidligare Eid og Selje kommune.

Reviderte retningslinjene kan sjåast her: https://stad.kommune.no/innsyn.aspx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2021027185&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=568&

Formål
Næringsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetjing i kommunen. Fondet
skal nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande
næringsverksemd. Dei nye retningslinjene bygger på dette utgangspunktet.

I samsvar med tidlegare føringar er det elles lagt vekt på at tiltak i samsvar med kommunen sine planar skal prioriterast.

Tiltak som kan få støtte frå fondet:
Bedriftsutvikling og planlegging i samband med etablering av ny verksemd.
Etablerer samarbeidsprosjekt. 
Planlegging og tilrettelegging av næringsareal.
Stadutviklingsprosjekt. 

Tildelt tilskot blir utbetalt etter skriftleg oppmoding og framlegging av dokumentasjon av utgifter, slik
det er søkt om. Midlar som ikkje er nytta innan eitt – 1 – år frå tildeling, vert trekt attende og tilbakeført til fondskapitalen. 

Næringsaktørar som ynskjer å søkje tilskot frå det kommunale næringsfondet må levere elektronisk søknad via www.regionalforvaltning.no

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. november
Vedtak om tildeling av næringsfondsmidlane blir gjort i Utval for kultur, idrett, næring og samfunn sitt møte 30. november.

For spørsmål, kontakt rådgjevar Arild Vonheim, tlf 904 09 929 eller e-post Arild.Vonheim@stad.kommune.no 
  

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen