(Du er ikke pålogget) 
 

Eidfjord kommune - Covid-19 tiltak i samsvar med regelverk for tildeling av midler

Eidfjord kommune har motteke kr. 1 400 000.-  frå ein ny runde med kommunal kompensasjonsordning for å hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Søknadsfrist 18.11.2021

Søknadsskjema - regionalforvaltning

Mål for tilskotet og krav til bruk av tilskotet

Målet med ordninga og tilskotet er å setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder i næringa, gjennom tildeling av kompensasjonstilskot. Tilskotet skal derfor særleg bidra til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som har tapt besøkjande frå land utanfor EØS-området, og derfor framleis er ramma av pandemien.

Desse kan søkja om kompensasjon

  • verksemder som er avhengig av turisme frå land utanfor EØS-området, og derfor framleis er ramma av pandemien

Krav til søknad

Søknad om støtte skal registrerast på www.regionalforvaltning.no i eit nytt søknadsskjema laga for denne ordninga med desse krava til søknaden:

  • Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer
  • Informasjon om økonomi og tapte inntekter
  • Informasjon om eventuelt anna offentleg støtte
  • Kort grunngjeving for søknaden
  • Rekneskapsoversikt attestert av rekneskapsførar

Næringsaktørar i Eidfjord - Rådgjeveing

Kontakt

Kontaktperson i Eidfjord kommune er Geir Underhaug, geir.underhaug@eidfjord.kommune.no 

Frist

Søknadsfrist 18.11.2021

Søknadane vert handsama av administrasjonen i november med mål om utbetaling i desember 2021

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen