(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning del 7

Opprett ny søknad på støtteordning

Stad kommune har mottatt kr. 273 000,- i 7. tildeling av midlar til ein kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedriftene.

 

Ordninga skal kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Dette gjelder særleg nyetablerte verksemder.

 

Korleis søkje?

Søknad skal registrerast og sendast inn gjennom regionalforvaltning.no. med dokumentasjon for tapte inntekter og ekstra kostnader.

Støtta til bedrifter må verte gjeve i tråd med regelverket om offentleg støtte. Næringsaktørane og verksemder skal vere registrert i Stad kommune.

Sak om tildeling frå kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder skal handsamast i Utvalet for kultur, idrett, samfunn og næring 7. juni 2022.

 

Søknadsfrist vert sett til 23. mai 2022.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål. 

Arild Vonheim 

Stad kommune 
90409929 
Arild.Vonheim@stad.kommune.no 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen