(Du er ikke pålogget) 
 

Berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal i 2023

Berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal 2023

 

Midlar til berekraftig tettstadutvikling skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport. 

 

Kven kan søke? 

Kommunane i Møre og Romsdal. Kommunane kan søke i samarbeid med andre aktørar som lag og foreiningar, næringslivet m.v.

 

Søknadsfrist: 2. oktober 2023 er det frist for å søke på ein pott på 3,36 mill. kroner.

 

Kva kan det søkast støtte til? 

Kommunane kan få tilskott på inntil 50% av totalkostnaden til utgreiingar og planlegging, mellom anna stadanalyser, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av fysiske tiltak.  

Til opparbeiding av fysiske tiltak kan ein få tilskot på inntil 33% av totalkostnaden.


Program for berekraftig by- og tettstadutvikling vil i 2023 ha eit utval satsingsområde som er førande for prioriteringar av søknadar om tilskot og kompetansehevingstiltak i programmet. Satsingsområdane er omtalt i meir detalj i rapporten «Program for berekraftig by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal – oppsummering av arbeid i 2022 og arbeidet for 2023». For utlysing av midlar til berekraftig tettstadutvikling er satsingsområda som følgjer:

·         Samarbeid om sentrumsutvikling

·         Mobilitet på tvers

·         Kvalitetsheving av byrom

·         Bustad og bustadpolitikk

·         Sirkulær stadutvikling

 Døme på kva det kan gis støtte til:   

·         Utarbeide kunnskapsgrunnlag som moglegheitsstudiar, stadanalysar og utgreiingar 

·         Leie inn fagleg kompetanse, eller dekke løn til ekstra prosjektmedarbeidar for å styrke utviklingskapasitet.  

·         Fysiske investeringar i byrom som torg, gater og møteplassar i sentrumsområde 

·         Prosjektering frå ideskisse til detaljprosjekt 

·         Arrangere samlingar for kompetanseheving, erfaringsdeling, medverknad og samarbeid om tiltak, i samband med dei konkrete utviklingsprosjekta.

·         Etablere midlertidige fysiske tiltak; for eks. midlertidige møteplassar, gjenbruk av tomme lokale.  

 

Det gis ikkje tilskot til:   

·         Ordinær planlegging som t.d. reguleringsplanar eller prosjektering av t.d. parkeringsplassar, gang/sykkelvegar eller småbåthamner 

·         Ordinær drift.
Bygningar. Konstruksjonar som inngår som del av byromsmøbleringa som t.d. paviljongar, toalett, boder etc. kan inngå.

·         Vi støttar ikkje prosjekt som er ferdig, og som hovudregel ikkje prosjekt som er starta.

 

Generelle vilkår

·         Søknadane skal registrerast på www.regionalforvaltning.no, der det er sett opp ei ordning for «Berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal i 2023». Fylkeskommunen bidrar gjerne med rettleiing i utvikling av tiltak og søknad.

·         Søknad skal innehalde ei skildring av kommunen sitt utfordringsbilde, målsettingar og planar, forventa resultat og effekt, korleis kommunen vil organisere arbeidet, aktivitetar, kva ressursar dei ser for seg å nytte, kostnadsoverslag og finansieringsplan.

·         Det skal nyttast relevant og anerkjend fagkompetanse i prosjektgjennomføringa.

·         Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan førast opp med inntil 700 kroner per time.

·         Prosjekta som får støtte i 2023 må vere avslutta og bedt om sluttutbetaling for innan 31. desember 2026.

 

Kriterium for vurdering av søknad  

·         I kva grad tiltaket medverkar til å oppnå formålet med ordninga.  

·         Om tiltaket er i tråd med kommunen sine overordna mål, kunnskapsgrunnlag og ledd i heilskapleg plan.  

·         Korleis arbeidet er forankra politisk og administrativt.  

·         Grad av medverknad og involvering av næringsliv, offentlege aktørar, frivillig sektor, barn og unge.  

·         Organisering og gjennomføring av arbeidet.

·         Finansieringsplan. Det er viktig at prosjekta har lokal forankring og at ein satsar på tiltak som næringslivet ser nytta av og bidreg til. Det betyr at vi prioriterer tilskott til prosjekt der næringslivet er involvert som bidragsytar. Om dette ikkje er mogleg må kommunen grunngi kvifor det ikkje let seg gjere.

·         Det tel positivt om prosjektet involverer minst to kommunar, eller om prosjektet bygger på og styrkar eksisterande utviklingsprosjekt i fylkeskommunal eller statleg regi (utbyggingsprosjekt, bypakkar mm.).

 

Saksbehandling 

·         Søknaden blir vurdert etter offentleg støtteregelverk (EØS-avtalen). 

·         Søknadane blir behandla etter søknadsfristen og lagt fram for politisk utval for avgjerd.

·         Ta gjerne kontakt med ein rådgivar før du begynner å fylle ut søknaden. Kontaktpersonar for ordninga finn du på nettsida for Tettstadprogrammet.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen