(Du er ikke pålogget) 
 

Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane

Utlysing av midlar til rekruttering og kompetanseheving i landbruket 2015 – prosjektretta midlar og korte kurs

 

Tilskotsbrev datert 26. januar 2015 viser at Sogn og Fjordane er tildelt midlar til rekruttering og kompetanseheving i landbruket.  Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2015 vart vedteken i Hovudutval for plan og næring 25.mars 2015.

 

Vi lyser no ut dei prosjektretta midlane, som skal gå til meir langsiktige tiltak. Våren 2015 lyste vi ut midlar til korte kurs, og vi lyser no ut restmidlar på nytt for korte kurs hausten 2015.

 

Utlysing av prosjektretta midlar innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket

 

Tiltaka skal medverka til rekruttering og utdanning av næringsutøvarar som kan ivareta og styrke verdiskapinga i landbruket, og vera tilpassa regionale utfordringar knytt til rekruttering og kompetanseheving innan tradisjonelt landbruk og bygdenæringar.

 

Utlysing av midlar til korte kurs innan tradisjonelt landbruk og bygdenæringar

 

Prioriterte tiltak vil vere

  • kompetansehevande produksjonskurs innan grovfôr, frukt/bær, skogbruk og bygdenæring
  • rekrutteringstiltak retta mot ungdomsgrupper, rådgjevarar og lærarar i ungdomsskule og nye brukarar som ikkje har landbruksbakgrunn
  • -nettverksbyggande aktivitetar og fadderordningar

 

Vi oppmodar om at fleire tilbydarar samarbeider om søknaden der det er naturleg.

Søknader må innehalde målgruppe, mål om tal kursdeltakarar, kursplan og finansieringsmåte. Planlagd eigendel for deltakarane må komme fram.

 

Søknader må vera i samsvar med vedteken Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2015.

 

Søknadsfrist er 10. september 2015.

For spørsmål, kontakt:

Ingeborg Lysne Mcevoy

Næringsavdelinga

Tlf: 57 63 81 73 / 90 63 48 37
e-post: 
 
Ingeborg.Lysne.Mcevoy@sfj.no

For tekniske spørsmål rund søknaden:

Atle Reidar Sandnes
Næringsavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf: 57 65 62 82 
epost:
atle.reidar.sandnes@sfj.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen